Vaksineanbefalingar hausten 2024

Vaksinasjon er eit enkelt og effektivt tiltak for å redusera faren for alvorleg sjukdom. Ein anbefaler derfor grupper med forhøgd risiko for alvorleg sjukdom å vaksinera seg.

Eldre kvinne som får vaksine i venstre arm - Klikk for stort bilete

Kva vaksinar er særleg anbefalte i haust?

Barn under 18 år med spesielle risikofaktorar:

  • Influensavaksine
  • Koronavaksine (berre ved alvorleg grunnsjukdom)

 

Personar 18-65 år med spesielle risikofaktorar og gravide i 2. og 3. trimester:

  • Influensavaksine
  • Koronavaksine

 

Personar over 65 år:

  • Influensavaksine
  • Koronavaksine
  • Pneumokokkvaksine (kvart 6. år)

 

Influensavaksinen er i tillegg anbefalt til fylgjande grupper:

  • Helsepersonell som har nær kontakt med pasientar
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
  • Saneringspersonell og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl

 

Utfyllande informasjon

Vaksine mot influensa - Helsenorge

Influensavaksine til barn - FHI

Koronavaksine - Helsenorge

Pneumokokkvaksine - FHI

Anbefalte vaksiner i svangerskapet - Helsenorge

Voksne trenger oppfriskningsvaksine hvert tiende år - Helsenorge

 

Kor kan du vaksinera deg?

Fastlegane i Time tilbyr m.a. koronavaksine, influensavaksine til målgruppene og pneumokokkvaksine.

 

Kommunen har òg avtale med fylgjande apotek om koronavaksinering for kommunen sine innbyggerar (over 12 år). Apoteka tilbyr òg andre vaksinar.

 

Bryne helsestasjon tilbyr andre vaksinar.