Føremålet med endringane er å leggje til rette for flytting av administrasjonsdelen av bygget frå ein tidligare planlagt mellomliggjande del (rød sirkel) til eit tilbygg i søraust (blå sirkel). Det nye administrasjonsbygget er planlagt med en maksimal høgd 19 meter lågare enn den opphavelege planen tillet.
Fullstendig omtale av planen, samt saksframstilling med vedlegg, finn du nedanfor:
Vedtak om endring av Plan 0535.00 - Detaljregulering for næringsområde NB4, Håland
Klagerett
Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Rogaland, jf. pbl. §§ 1-9 og 12-12.
Eventuell klage skal sendes til Statsforvaltaren i Rogaland via Time kommune, postboks
38, 4349 Bryne. Det er også mogleg å sende klage via kommunens nettside. Gå til menyvalg Skjema og velg Klage på vedtak – skjema.
Klage må være sendt innen 05.12.2024. Dei som mottek brevet har eigen klagefrist.
Krav om innløysing eller erstatning i medhald av planen, må være lagt fram seinast 3 år frå i dag, jf. pbl. §§ 15-2 og 15-3.