Høyring: Endring av Plan 0410.00 - Detaljregulering for offentlig formål nord for Stemmen, Kvernaland

Plankonsulent Norconsult Norge As Avd Stavanger har på vegne av Time kommune sendt inn forslag til endring av Plan 0410.00 - Detaljregulering for offentlig formål nord for Stemmen, Kvernaland. Planen vart opphavleg godkjent 06.11.2012. Siste reguleringsendring er datert 13.09.2016.

Planområdet ligg ved Stemmen, sentralt på Kverneland, og omfattar dagens Kverneland omsorgssenter, Foren burettslag med tilhøyrande anlegg og tilgrensande offentleg friområde.

Utklipp av foreslått plankart

Endringsforslaget vil innebere at det regulerast inn nytt område for omsorgsbustader, T2 innanfor tidlegare område regulert til berre tenesteyting, og at områda, justerast til å tillate ei høgare utnytting i føresegna (felles føresegn for o_T1, T2, T3). Det er og gjort oppdaterte flaumvurderingar og mindre endringar av mellom anna parkering, vegareal, renovasjon og energianlegg. Parkeringsdekninga er foreslått auka frå 65 til maks 87. Vedlegg 14-16 i høyringsdokumenta visar fleire illustrasjonar av korleis prosjektet kan koma til å sjå ut. Illustrasjonane er eksempel og gjerast ikkje juridisk bindande i planprosessen.

Fullstendig omtale av planen, samt saksframstilling med vedlegg, finn de ved å følgje lenka merka "plandokumenter". For å gje uttale til planen, trykk på lenka merka "Gje uttale".  

Plandokumenter

Gje uttale

De kan og senda uttale til planen via brev til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne, eller via e-post til post@time.kommune.no.

Frist for å senda inn merknad til planen er 8. april 2025