Høyring: Endring av Plan 0535.00 - Detaljregulering for næringsområde NB4, Håland

Plankonsulentar Sjo fasting AS og Egdastrek AS har på vegne av Langmyra 1 AS sendt inn eit forslag til planendring av Plan 0535.00 – Detaljregulering for næringsområde NB4, Håland. Planen blei opphavleg godkjent 13.12.2022, og siste reguleringsendring er datert 03.05.2023.

Føremålet med foreslege endringar er å leggje til rette for flytting av administrasjonsdelen av bygget slik at automatlager kan betene både ny og eksisterande hall. Denne var opphavleg tiltenkt som ein mellomliggjande del mellom ny og eksisterande hall og ønskes no flytta til eit tilbygg i søraustre del av planområdet.

Endringsforslaget vil innebere at det regulerast eit nytt tilbygg i søraust med kotehøgd 46,0 meter. Det tillatast at eit teknisk bygg på taket etablerast med maksimal kotehøgd 50,0 meter og at trapperommet forlengast til same høgd for å mogleggjere tilkomst til dette tekniske bygget.I samband med dette fjernast moglegheita for eit mellomliggjande bygg med kotehøgd 65,0 meter. Denne delen vil då reduserast til kotehøgd 45,0 meter, same høgd som resten av ny hall i vest. 

Sjå vedlegg for meir informasjon om ytterlegare endringar. Endringar vil skje både i føresegner og plankart.

Det blir gjort merksam på at vedlagte teikningar er eit eksempel på kva som kan koma, men dei vil ikkje bli gjort juridisk bindande via denne planendringen. 

Merknader sendast via nettsida, eller til Time kommune, Postboks 38, 4349 Bryne. Kommunedirektøren ber om at eventuelle leigetakarar og andre rettshavarar informerast om planarbeidet. Merknader blir ikkje svarast ut med eige brev, men blir heller referert til og kommentert i vedtaket og eventuell vidare saksbehandling og politisk behandling.

Frist for å gi merknader er 05.11.2024. 

01 Beskrivelse av endringene (PDF, 64 kB)

02 Forslag til nytt plankart (PDF, 560 kB)

03 Gjeldande plankart (PDF, 2 MB)

04 Forslag til nye føresegner (DOCX, 50 kB)

05 Høyringsbrev (DOCX, 2 MB)

06 Teikningar (PDF, 2 MB)